Tilbake
Artikkelbilde

Framtidsfylket signerer med Keyteq

Framtidsfylket.no er en portal som ivaretar mulighetene som ligger i et av Norges vakreste fylker, Sogn & Fjordane.

Sammen skal vi nå lage en ny, mer tidsriktig portal basert på KeyPublisher 7.0.

Litt mer om Framtidsfylket.no:
"På utsida er Sogn og Fjordane eit vakkert, litt bortgløymt postkortfylke med smale fjordar, høge fjell, beitande geiter og sterke kulturtradisjonar. Men bak glansbildet har fjordfylket skjulte sider. Visste du til dømes at fylket har eit unikt høgt nivå av verdiskaping, og står for ein oppsiktsvekkande stor del av norsk eksport? At Sogn og Fjordane gang på gang hamnar på topp i nasjonale studiar av levekår?
 
Stadig fleire unge nyutdanna oppdagar at livet vest for Langfjella byr på heilt eigne kvalitetar. Det er fint å vekse opp her, men å bli vaksen i Sogn og Fjordane er heller ikkje verst. Fylket blir i stadig større grad ein stad der nye idear blir sette ut i livet, der internasjonale og urbane impulsar slår rot blant alt det tradisjonelle. Arbeidsmarknaden opnar seg stadig meir for folk med høgare utdanningar, og kommunikasjonslinjene blir betre. Det gamle bunads- og trivselsfylket er på veg til bli likare resten av verda, men har samtidig teke vare på mykje av det unike – som urørd natur, menneskeleg samhald og sterk eigenidentitet.
 
Geografisk er fylket mangfaldig, med dramatiske landskap. I sør grensar Sogn og Fjordane til Hordaland, i nord til Møre og Romsdal, og i aust til Buskerud og Oppland. Det er vanleg å dele inn fylket i tre regionar: Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Her blir samarbeidsområdet HAFS, med fem kommunar i Ytre Sogn og Ytre Sunnfjord, rekna som ein fjerde region."
 
Vi gleder oss veldig til å ta fatt på oppgaven sammen med Framtidsfylket!

Skrevet av: Tore Torsvik, 08.09.2009

Besøksadresse: Fjøsangerveien 50 D, 5059 BERGEN Postadresse: Postboks 1911 Nordnes, 5817 BERGEN
Tlf: + 47 55 20 91 00 Fax: + 47 55 20 91 01